Perleblom
Perleblom (Muscari sp.) er lite farlege planter og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
Førstehjelp ved uhell med perleblom
Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av perleblom
Perleblomar er små løkplanter med grunnstilte blad. Blomane er vanlegvis blå eller purpurfarga og sit i tette, toppstilte klasar på stilkar utan blad. Blomedekket er kuleforma eller krukkeforma. Perleblom blir dyrka som prydplante, men finst også som forvilla plante.