Pinselilje inneheld irriterande plantesaft
Pinselilje (Narcissus poeticus) inneheld irriterande plantesaft. Løken inneheld mest av dei irriterande stoffa. Å smake litt på ei pinselilje er ikkje farleg, men kontakt Giftinformasjonen dersom barnet har ete av løken eller større mengder av planta.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
- Symptom ved forgifting med pinselilje
- Førstehjelp ved forgifting med pinselilje
- Beskriving av pinselilje
Symptom ved forgifting med pinselilje
- Magesmerter
- Kvalme
- Oppkast og/eller diaré
Førstehjelp ved forgifting med pinselilje
- Fjern eventuelle planterestar frå munnen og gi litt drikke.
- Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete litt av løken eller større mengder plantemateriale av pinselilje.
Beskriving av pinselilje
Pinselilje er ei løkplante som ofte blir 20–50 cm høg. Frå løken veks det 4–5 linjeforma blad og eit stivt skaft med éin blome. Blomen har kvite blomedekkblad og ofte gul bikrone med raud kant. Pinselilje blømer i april–mai.