Rogn
Rogn (Sorbus aucuparia) er ei lite farleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
Førstehjelp ved uhell med rogn
Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av rogn
Rogn er eit tre med grå, glatt og blank bork. Blada er finnete og sit i par. Blada er fint hårete under. Rogn får 8–10 mm store, kulerunde, oransjeraude bær i klasar.

Rogn får talrike kvite blomar som sit i halvskjermar.
Illustrasjon: Giftinformasjonen

Oransjeraude rognebær.
Illustrasjon: Giftinformasjonen