Saintpaulia
Saintpaulia er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
- Førstehjelp ved uhell med saintpaulia
- Skildring av saintpaulia
Førstehjelp ved uhell med saintpaulia
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av saintpaulia
Saintpaulia er ei vanleg potteplante. Den har tjukke, fløyelsmjuke blad og finst i mange ulike variantar. Blomane finst i mange ulike fargar, bl.a. kvite, blå, rosa og lilla.