Snøklokke har irriterande plantesaft

Snøklokke (Galanthus nivalis) inneheld irriterande plantesaft. Løken inneheld mest av dei irriterande stoffa. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete av løken eller større mengder av planta.

Hengende hvite blomster som vokser på egen stengel.

Symptom ved forgifting med snøklokke

  • ​Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgifting med snøklokke

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen og gi litt å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete av løken eller større mengder av andre plantedelar.

Beskriving av snøklokke

​Snøklokke er ei 10–20 cm høg løkplante. Den blir dyrka som hageplante, men finst òg som forvilla plante i mellom anna parkar, lundar, grasmark og vegkantar. Frå løken kjem to lange, smale og flate blad. Snøklokke blømer tidleg om våren med hengande kvite blomar som veks på eigen stengel.

Hengende hvite blomster som vokser på egen stengel.