Stemorsblom
Stemorsblom (Viola tricolor) er ei plante i fiolfamilien. Felles for slekta er at dei er relativt ufarlege å smake på.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
- Førstehjelp ved uhell med stemorsblom
- Skildring av stemorsblom
Førstehjelp ved uhell med stemorsblom
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av stemorsblom
Stemorsblom er ei plante i fiolfamilien som blir 5–30 cm høg og har ein rett stengel. Blomane sit på lange skaft og er ofte 1,5–3 cm høge. Dei fleirfarga blomane er fiolette, gule eller kvite.