Storkonvall inneheld irriterande plantesaft

Storkonvall (Polygonatum multiflorum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete meir enn 8–10 bær frå storkonvall.

Hvite bjelleformede, avlange blomster hengende på stengel. Store grønne blader med striper

Symptom ved forgifting med storkonvall

  • ​Svie i munn og svelg
  • Magesmerter, kvalme
  • Oppkast, diaré

Førstehjelp ved forgifting med storkonvall

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom du har ete meir enn 8–10 bær frå storkonvall.

Beskriving av storkonvall

​Storkonvall er ei viltveksande plante som blir 40–70 cm høg. Planta får blåsvarte bær.

Kantkonvall er ei liknande plante i storkonvallslekta.

Blåsort bær hengende på stengel. Grønne ovalformede blader med striper

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Innholdet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert mandag 23. august 2021