Syrin
Syrin (Syringa vulgaris) er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
Førstehjelp ved uhell med syrin
Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av syrin
Syrin er ein prydbusk som kan bli 2–5 meter høg. Blada er snaue, hjerteforma og blir 5–12 cm lange. Syrin har store toppar med fiolette eller kvite velduftande blomar.