Vivendel har irriterande plantesaft

Vivendel (Lonicera periclymenum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn 10 bær.

Røde bær og grønne blader

Symptom ved forgifting med vivendel

  • ​Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgifting med vivendel

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn 10 bær frå vivendel.​

Beskriving av vivendel

​Vivendel er ei slyngplante i leddvedslekta som kan bli 2–8 meter lang. Den er viltveksande og finst vanlegvis langs kysten. Vivendel blir òg ofte dyrka som prydbusk.

Blomane til vivendel er vanlegvis kremkvite til gule, nokre med purpurskjær, ca. 4–5 cm lange. Blomane er velduftande om kvelden. Bæra er raude.

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Innholdet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert mandag 23. august 2021

Fant du det du lette etter?