Deodorant

Å smake på ein deodorant er lite farleg ved eit uhellsinntak.

Grønn roll-on deodorant med avskrudd kork

Uhell med deodorantar er stort sett lite farleg.

Deodorantar finst i ulike variantar: stiftar, roll-on og spray. Deodorantar kan mellom anna innehalde aluminiumssambindingar, etanol, parfyme og små mengder bakteriedrepande middel. 

Symptom ved inntak av deodorant

Produkta kan gi symptom frå mage og tarm, som:

  • Kvalme
  • Oppkast
  • oppkast
  • Diaré

Innhaldet i deodorantar kan verke irriterande på slimhinner og auge.

Førstehjelp ved uhell med deodorant

Ved svelging av deodorant

  • Gi litt drikke

Ved svelging utover ein smak, kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging.   

Ved vedvarande hoste etter uhell med deodorant-spray i munnen skal du kontakte Giftinformasjonen for vurdering (22 59 13 00).

Ved sprut i auga

  • Skyl godt med rennande lunke vatn i 2–5 minutt
  • Ved vedvarande symptom etter skyljing skal du kontakte lege

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert fredag 21. mai 2021