Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute
22 59 13 00Døgnåpen telefon.
Parfyme kan vere irriterande for auga. Ein liten smak av parfyme er ofte lite farleg, men vil vere avhengig av mengda som er svelgd.
Parfyme på auget kan gi irritasjonssymptom som svie og raude
Illustrasjon: Salvatore Massara / Mostphotos
Parfyme, etterbarberingsvatn (aftershave), eau de toilette, eau de cologne og liknande produkt som skal gi god lukt, inneheld ofte etanol (alkohol) og parfymestoff.
Sterk smak og måten behaldarane er utforma på, gjer ofte at barn ikkje får i seg så mykje ved uhellsinntak. Ved svelging av meir enn ein smak (til dømes 1 teskei for eit barn på 10 kg) skal du kontakte Giftinformasjonen (22 59 13 00) for vurdering og råd.
Er du usikker på kor mykje det kan vere i ein sprut frå parfymeflaska, kan du prøve å spraye ein gong i ei teskei for å sjå.
Svelging av parfyme kan gi irritasjon i munn og/eller mage. Inntak kan difor føre til kvalme og oppkast.
Symptom som kjem i tillegg til dette, kan kome av at mengda som er svelgd, kan gi forgifting frå etanol eller andre stoff i produktet.
Dersom det er svelgt meir enn ein smak eller mengda er usikker, skal du kontakte Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd og vurdering.
Ved meir enn heilt lette symptom skal du kontakte lege/legevakt.
Parfyme inneheld stoff som verkar irriterande og kan føre til svie og raude på auget.
Døgnåpen telefon.
Innhaldet er levert av Giftinformasjonen
Sist oppdatert fredag 21. mai 2021