Solkrem
Solkrem kan gi irritasjonssymptom ved søl i auga. Å få i seg ein liten smak av solkrem er som regel lite farleg.

Solkrem er ubehageleg å få på auget, men ved å skylje auget med vatn vil dei fleste kunne sjå an slike uhell heime.
Illustrasjon: AtlasStudio / Mostphotos
- Symptom etter svelging av solkrem
- Ved søl av solkrem i auga
Solkremar kan kome i ulike variantar og med noko variasjon i innhald. Felles for solkremane er at ein smak er lite farleg.
Ved svelging av meir enn 2–3 teskeier skal du kontakte Giftinformasjonen (22 59 13 00) for vurdering.
Symptom etter svelging av solkrem
- Kvalme
- oppkast
- Diaré
Ved søl av solkrem i auga
Solkremar kan vere tjuktflytande og vanskelege å skylje bort frå auga. Det er difor lurt å skylje auga godt.
- Fjern eventuelle kontaktlinser
- Skyl auga under rennande, lunke vatn i 15 minutt
Ved symptom som varer lenger enn eit par timar etter skyljing skal du kontakte lege for undersøking.