Barn og ungdom under 16 år med dokumentert middallergi kan få dekt utgifter til madrass- og puteovertrekk.
Kva blir dekt av utgifter til madrass- og puteovertrekk?
Helfo dekkjer utgifter til madrass- og puteovertrekk med inntil 1619 kroner (inklusive meirverdiavgift) for madrassovertrekk og med inntil 330 kroner (inklusive meirverdiavgift) for puteovertrekk. Utgiftene blir berre dekte éin gong.
Overtrekka må vere tilrådde av Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).
Behovet for madrass- og puteovertrekk må dokumenterast gjennom utsegn eller epikrise frå spesialist i barnesjukdomar, lungesjukdomar, øyre- nase- halssjukdommar, indremedisin eller hudsjukdommar, eller ved å sende inn ei utsegn eller epikrise frå spesialist i allmennmedisin som har godkjenning til å bruke takst for allergologisk utgreiing. Det må gå fram av utsegna at du har middallergi.
Du må sjølv betale for madrass- og puteovertrekket og deretter krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.
Når søknaden er handsama, får barnet eit vedtak frå Helfo i posten.
Send søknad til Helfo
Du kan søkje om dekning av utgifter til madrass- og puteovertrekk ved å bruke eit digitalt skjema.
Saman med søknaden om refusjon må du leggje ved legeerklæring og spesifiserte kvitteringar som inneheld produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlar.
Du må sende kravet til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn
saman med originale, spesifiserte kvitteringar og legeerklæring til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.
Sakshandsamingstid for madrass- og puteovertrekk
Sakshandsamingstida hos Helfo er inntil åtte veker.
Fullmakt ved Helfo-henvendelser
Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.