Refusjon av utgifter til tandemsykkel

Synshemma, rørslehemma og psykisk utviklingshemma som er over 26 år, kan få refundert utgifter til innkjøp av tandemsykkel frå Helfo.

Person med sykkel og to hjelmer

Du kan få dekt utgifter til innkjøp av tandemsykkel med inntil i 13 450 i 2024 (12 945 kroner i 2023).

Du kan også få stønad frå Helfo til kjøp av brukt tandemsykkel, så sant du har kvittering frå kjøpar med salssummen.

Dersom du er under 26 år, kan du låne sykkel av Nav Hjelpemiddelsentral.

Du treng legeattest og med-syklist

Det er to måtar å søke på:

  • Dersom du ønskjer å vere sikker på at du vil få dekt utgifter til tandemsykkel, kan du søkje om førehandsgodkjenning frå Helfo. Du må då sende nødvendig dokumentasjon til Helfo (sjå informasjon under om korleis du søkjer). Når søknaden er handsama, får du eit vedtak i posten.
  • Du kan søke Helfo om refusjon i etterkant av kjøpet.

I begge tilfella må

  • lege stadfeste at du på grunn av funksjonshemminga ikkje er i stand til å sykle åleine, at du vil ha helsemessig utbytte av å sykle, og at forholda elles ligg til rette for bruk av tandemsykkel.
  • du (eller dine føresette) ha inngått avtale med med-syklistar som er villige til å sykle jamleg saman med deg. Denne avtalen må vere skriftleg og innehalde namn, adresse til med-syklistane signaturen til med-syklisten.
  • du ta vare på spesifisert rekning frå kjøpet.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om å få dekt utgifter til tandemsykkel ved å bruke eit digitalt skjema.

Skal du søkje om førehandsgodkjenning, må du ha legeerklæring og erklæring frå medsyklistane som du legg ved søknaden.

Har du fått førehandsgodkjenning, må du leggje ved spesifisert kvittering som inneheld produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlar.

Har du ikkje søkt om førehandsgodkjenning, må du i tillegg til spesifisert kvittering leggje ved legeerklæring og erklæring frå medsyklistane.

 

 

Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du kjøpte tandemsykkelen. 

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden sende inn

saman med nødvendig dokumentasjon til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringa før du sender ho inn.

Skal du søkje om førehandsgodkjenning, sender du erklæringane til Helfo. Det finst ikkje noko eige skjema du kan bruke til dette.

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstida hos Helfo er inntil åtte veker.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.

Les meir om fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

For at Helfo skal behandle søknaden din så raskt som mogleg, må du sende med all dokumentasjon og kvitteringar når du sender søknaden. Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du fram på følgjande måte når du har logga deg inn i Altinn:

  • Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» vel du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterande sak. Då kan vi behandle saken din raskare. Referansenummeret kan for eksempel sjå slik ut: «22/0000».

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Refusjon av utgifter til tandemsykkel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 15. januar 2024 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/tandemsykkel/

Sist oppdatert måndag 15. januar 2024