Risikogrupper

Eldre mann og kvinnelig sykepleier

Er koronaviruset farlegare for nokre grupper?

Dei fleste som blir smitta av koronaviruset får lette symptom og blir heilt friske. Nokre grupper har auka risiko for alvorleg forløp av sjukdomen sjølv om dei fleste også i risikogrupper får milde symptom. 

Alle i samfunnet bør følge dei generelle råda om å ha god hoste- og handhygiene halde seg heime ved nyoppståtte symptomar på luftvegsinfeksjon. Dette er særleg viktig for personar i risikogruppene.

Risiko for alvorleg sjukdom aukar med alderen og underliggande sjukdomar, og menn har høgare risiko enn kvinner. Unge personar utan kjende risikofaktorar kan også få eit alvorleg forløp av sjukdomen. Det er meir sannsynleg at dette skjer dersom dei har underliggande sjukdomar.

Ved auka smittespreiing i samfunnet bør personar i risikogrupper leve meir tilbaketrekt. 

Desse rådene gjelder for vaksne personar over 18 år.

Generelle råd til personar i risikogrupper

  • Unngå samvær med personar som har symptom på luftvegssjukdom.
  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Hugs god hand- og hostehygiene. Dette gjeld også for dei du bur saman med og dei som er på besøk.
  • Sørg for at du har nødvendige medisinar tilgjengelege. Hald fram med fast medisinering og gjer endringar berre i samråd med legen din.
  • Dersom du har avtalt helsekontrollar og undersøkingar bør du halde fast ved desse, så lenge du ikkje får anna beskjed frå behandlaren din. Kontakt behandlaren din om du er i tvil.
  • Det er fint å halde seg i form ved å gå tur, men vel stader der det ikkje er trengsel.

Kva gjer du dersom du blir sjuk?

Ta tidleg kontakt med helsevesenet dersom du føler deg sjuk og trur at du kan vere smitta med koronaviruset. Dersom du får symptom som feber og hoste, blir kortpusta og har nedsett allmenntilstand, skal du ta kontakt med den lokale helsetenesta for testing.

Dersom du utviklar andre akutte symptom som du elles ville kontakta legehjelp for, er det viktig at du kontaktar helsevesenet, uavhengig av om du kan vere smitta eller ikkje.

Les meir om Risikogrupper og deira pårørande (fhi.no).

Lett, moderat eller høg risiko?

Vurdering av risiko gjeld på gruppenivå, og ikkje for enkeltpersonar. Det vil vere store individuelle skilnader innanfor gruppene. Ved behov bør det gjennomførast ei individuell vurdering i samråd med legen, om grad av risiko for alvorleg forløp.

Grupper med lett/moderat auka risiko

  • Alder 65–69 år ELLER
  • Alder 50–64 år og ein av følgande kroniske sjukdomar:
    • kronisk leversjukdom
    • immundempande behandling, til dømes behandling ved autoimmune sjukdomar
    • diabetes
    • kronisk lungesjukdom (anna enn velregulert astma)
    • fedme (kroppsmasseindeks ≥ 35kg/m2)
    • demens
    • hjarte- og karsjukdomar (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • hjerneslag

Personar under 50 år har lav risiko for alvorleg forløp av covid-19, men enkelte personar med dårleg regulerte eller kombinasjonar av fleire grunnsjukdomar kan ha høgare risiko.

Grupper med moderat/høg risiko

  • Alder over 70 år, ELLER
  • Bebuar på sjukeheim, ELLER
  • Enkelte alvorlege helsetilstander, uansett alder:
    • organtransplantasjon
    • immunsvikt
    • hematologisk kreftsjukdom dei siste fem åra
    • aktiv kreftsjukdom, behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller kjemoterapi) som er i gang eller er nyleg avslutta.
    • nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
    • Downs syndrom
    • kronisk nyresjukdom og nyresvikt

Folkehelseinstituttet har valt å inkludere enkelte alvorlege helsetilstandar i lista over sjukdomar som gir høgare risiko ut frå eit varsemdprinsipp.

For meir informasjon om dei enkelte sjukdomane eller helsetilstandane, sjå utdyping av risikogruppar hos Folkehelseinstituttet.

Vaksine og personar i risikogrupper

Når du er blitt fullvaksinert, vil du i stor grad vere beskytta mot covid-19 og alvorleg sjukdomsforløp slik at du kan leve meir normalt. Full effekt av vaksinen kjem 1–2 veker etter fullvaksinasjon. Foreløpig veit vi ikkje kor lenge beskyttelsen varer.

Folkehelseinstituttet anbefaler at pasientar med alvorleg svekka immunforsvar blir tilbydd ein tredje dose koronavaksine.

Les meir om tredje vaksinedose og kven det gjeld for på nettsidene til FHI

Hugs på at du må følge dei generelle smittevernrådene sjølv om du er vaksinert. Les meir om risikogrupper og vaksine (FHI)

Personar med nedsatt immunforsvar og vaksine

Personar med alvorleg svekka immunforsvar bør, sjølv etter vaksinasjon med tredje dose, leve meir skjerma når det er mykje smitte i samfunnet. Dette fordi ein antek at denne gruppa har lågare beskyttelse enn dei som er immunfriske. I tillegg er det viktig at nærkontaktar i samme husstand er vaksinerte.

Råd til personar i risikogrupper som ikkje er vaksinerte eller har gjennomgått covid-19

Følg dei generelle rådene til befolkninga:

  • Hald deg heime når du er syk.
  • Hugs god hand- og hostehygiene.
  • Unngå samvær med personar som har symptom på luftvegssjukdom.
  • Du kan redusere risikoen for å få luftveisinfeksjonar ved å unngå trengsel og halde avstand til andre.
  • Sørg for at du har nødvendige medisinar tilgjengeleg. Fortsett med fast medisinering, og gjer kun endringar i samråd med lege.
  • Møt opp til avtalte helsekontrollar og undersøkingar.

Barn og unge i risikogrupper

Erfaringar både nasjonalt og internasjonalt viser at barn i mindre grad enn vaksne blir sjuke av covid-19 og det er sjeldan behov for sjukehusinnlegging. Dette gjeld også barn med kroniske sjukdomar, og det er lite som tyder på at desse barna har høgare risiko for alvorleg forløp av covid-19 samanlikna med friske barn.

Det er meldt særs få dødsfall på grunn av covid-19 hos barn globalt, og det er svært sjeldan hos friske barn.

Skule og barnehage for barn i risikogruppe

Det er enkelte barn med alvorleg sjukdom, som kan vere meir sårbare, og i dei tilfella kan ein vurdere tilrettelagd barnehage og tilrettelagd undervising i skulen. I utgangspunktet dreier dette seg om barn med sjeldne og alvorlige sjukdommar. Her får du meir informasjon om desse gruppene og om covid-19 hos barn og ungdom:

Råd til personar med heimetenester og deira pårørande

Personar som får helse- og omsorgstenester i heimen og deira pårørande/omsorgsgivarar skal følge dei vanlege råda til befolkninga og eventuelt råda til risikogruppene.

Omsorgsmottakar kan leve som normalt i heimen og pårørande/omsorgsgivar kan gi omsorg som vanleg. Vask hendene ofte og grundig.

Personar som har symptom på luftvegssjukdom bør ikkje kome på besøk.

Folkehelseinstituttet har publisert råd for tilsette i helse- og omsorgstenester i kommunen. 

Ifølge Folkehelseinstiuttet tilrådast helsepersonell i kommunen å følgje basale smittevernrutiner ved kontakt med pasientar utan kjent eller mistenkt smitte og som ikkje er definert som nærkontakter eller har symptomer forenelig med korona.

Dersom du får luftvegssymptom, vil legen og eventuelt heimetenesta i samråd med deg planlegge vidare oppfølging.

Besøk på helse- og omsorgsinstitusjonar

Det skal så langt som mogleg leggast til rette for besøk på sjukehus, sjukeheim eller andre helse- og omsorgsinstitusjonar. 

Det er satt visse føresetnader ved besøk på helse-og omsorgsinstitusjonar.

Vurderinga går ut på at kvar enkelt person sitt behov for besøk blir vurdert opp mot risiko for smittespreiing, risiko for alvorleg forløp av covid-19 hos den enkelte, lokal smittesituasjon og institusjonen sin kapasitet til å gjennomføre besøk.

Alle besøk skal gjennomførast i tråd med nasjonale smitteverntilrådingar, men nokre kommunar kan ha strengare reglar om dei har høgt smittetrykk i kommunen. Gå inn på den aktuelle kommunen si nettside for lokale reglar. 

Dersom du har vore utanfor Noreg, bør du ikkje besøke sjukehus eller sjukeheimar før det har gått 10 dagar. Dette gjeld sjølv om du berre har besøkt grønne land.

Helsedirektoratet har publisert ei tilråding for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar under covid-19-pandemien. Her finn du meir informasjon om detaljar og vurderingskriterium for gjennomføring av besøk. 

Besøk og fysisk kontakt på sjukeheim

Der det er fleirtal av fullvaksinerte bebuarar på sjukeheimar, kan bebuarane ha fysisk kontakt med uvaksinerte personar.

Kontakt med vaksinerte besøkande kjem i tillegg til dei uvaksinerte besøkande som bebuaren har definert som sine næraste. Bebuaren bør sjølv bestemme kven som er deira næraste. 

Enkelte bebuarar på sjukeheim vil ikkje bli vaksinert grunna eige ønske eller helsemessige årsaker, og det er difor viktig å oppretthalde gode smittevernsrutinar for å verna desse bebuarane.

Har du spørsmål om korona og treng nokon å snakke med?

Fleire brukarorganisasjonar kan svare på spørsmål frå befolkninga og personar i risikogrupper:

  • Lurer du på noko som handlar om diabetes og korona? Ring til telefon 815 21 948.
  • Snakk med Kreftforeningen om kreft og korona på telefon 21 49 49 21 eller chat.
  • Har du lungesjukdom og spørsmål om korona? Få råd hos LHL (Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke).
  • Dersom du har generelle spørsmål kan du også ringe informasjonstelefonen til Helsedirektoratet på telefonnummer 815 55 015.