1
Hald deg heime
Har du nyoppståtte luftvegssymptom, bør du halde deg heime dersom du føler deg syk.
Kva er nyoppståtte luftvegssymptom?
Det kan vere hovudpine, tett nase, feber, hoste, sår hals og nedsatt allmenntilstand. Ulike virus og bakteriar kan g luftvegssymptom.
Kor lenge bør du vere heime?
Du bør vere heime til forma di er god. Restsymptom som rennande nase, snørr, hås stemme og noko hoste er greit.
2
Unngå kontakt med personar som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke
Unngå kontakt med personar som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke av luftvegsinfeksjonar dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
Normalt er personar i risikogruppene godt beskytta mot alvorleg sjukdom dersom dei følgjer råd om vaksine.
Likevel har nokre grupper auka risiko for alvorleg sjuk.
3
Testing for koronasertifikat
Enkelte kan ta ein bekreftande test ved teststasjon for få gyldig koronasertifikat.
- Alle som ikkje har fått oppfriskingsdose (3. vaksinedose).
- Alle som har fått to vaksinedoser og har hatt korona for meir enn 3 månadar sidan.
- Barn under 16 år.