Kroppsmasseindeks (KMI) og midjemål

Finn ut korleis du reknar ut din KMI. Midjemål kan brukast saman med KMI for å vurdere helserisiko. KMI blir også kalla BMI (Body Mass Index).

BMI er vekten i kilo delt på høyden i meter i annen.

Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB

Kroppsmasseindeks (KMI), eller Body Mass Index (BMI) på engelsk, er eit av måla ein ser på for å vurdere helserisikoen til ein person.

I tillegg ser ein på:

  • midjemål
  • fysisk aktivitet
  • kosthald
  • røykevanar
  • anna som varierer frå person til person

Rekn ut din KMI

Du brukar følgande reknestykke til å rekne ut kroppsmasseindeks:

BMI = kg/m2

Slik reknar du ut kroppsmasseindeksen med reknestykket:

  1. Mål kor høg du er i meter, og multipliser det talet med seg sjølv. Talet du får som svar kallar ein kvadratet av høgda di.
  2. Mål kor tung du er i kilo, og del talet på kvadratet av høgda di.
  3. Resultatet er kroppsmasseindeksen din.

Dersom du er 1,6 meter høg og veg 70 kg, ser reknestykket slik ut:

  1. 1,6 multiplisert med 1,6 er 2,56.
  2. 70 delt på 2,56 er 27,3.
  3. Kroppsmasseindeksen din er då 27,3.

KMI hos vaksne

Verdas helseorganisasjon (WHO) klassifiserer kroppsmasseindeks (KMI) slik for​ vaksne:

  • Mindre enn 18,5 er undervekt
  • 18,5–24 er normalvekt
  • 25–29 er overvekt
  • 30–34 er fedme grad 1
  • 35–39 er fedme grad 2
  • 40 og over er fedme grad 3

Menneske med stor muskelmasse kan ha høg KMI, men har låg feittprosent og blir ikkje karakteriserte som overvektige. For barn og ungdom opp til 18 år er det ein eigen alders- og kjønnsjustert skala.

Midjemål

Midjemål kan gi ein pekepinn på om ein er i risikogruppa for metabolsk syndrom, type 2-diabetes og hjarte- og karsjukdom. Men midjemål bør brukast saman med KMI når ein vurderer helserisiko.

Målinga blir utført med vanleg målband der midja er smalast. Det vil seie midt mellom nedste ribbein og øvste del av hoftekammen.

Menn

Midjemål over 94 cm gir auka risiko for type 2-diabetes og hjarte- og karsjukdom. Midjemål over 102 cm gir betydeleg auka risiko.

Kvinner

Midjemål over 80 cm gir risiko for type 2- diabetes og hjarte- karsjukdom. Midjemål over 88 cm gir betydeleg auka risiko.

KMI hos barn

Barn og unge blir vurderte etter andre KMI-verdiar enn vaksne, og KMI blir justert ut frå alder og kjønn hos barnet. Kjønns- og aldersjustert KMI blir kalla iso-KMI på norsk (og BMI z-score på engelsk).

Oversikt over KMI-verdiar for barn (iso-KMI)

Her kan du laste ned vekstkurver med oversikt over KMI-verdiar for barn (iso-KMI).

Dersom KMI hos barnet blir høgare enn verdiane i kolonnen iso-KMI 25, kan det vere ein indikasjon på at ein skal følge med på barnet si vektutvikling. Ta kontakt med helsestasjon, skulehelsetenesta eller fastlegen dersom du treng rettleiing.

Helsestasjonar brukar vekstkurver

På helsestasjonar er det vanleg å bruke vekstkurver på barn. Å bruke vekstkurver på ulike måletidspunkt gir ei god oversikt over utviklinga av høgd og vekt hos barnet over tid. På helsestasjonen brukar ein vekstkurver utan iso-KMI fram til 5 år og vekstkurver der iso-KMI er markert frå 6-19 år.

KMI hos gravide og tilrådd vektauke

Ved vurdering av vektauke i svangerskapet tek ein utgangspunkt i kvinna si vekt før graviditeten. Kva som blir rekna som mest gunstig vektauke varierer mellom 5 til 18 kilo avhengig av kvinna si vekt før graviditeten.

Kvinner som er undervektige før svangerskapet kan gjerne ha høgare vektauke (opp til 18 kg), og kvinner med overvekt bør ha lågare vektauke (mindre enn 11 kg).

Følgande vektauke i svangerskapet er vurdert som mest gunstig:

  • normalvektige kvinner (KMI 18,5-24,9 kg/m²): 11,5 til 16 kilo
  • undervektige kvinner (KMI under 18,5 kg/m²): 12,5 til 18 kilo
  • overvektige kvinner (KMI 25-29,9 kg/m²): 7 til 11,5 kilo
  • svært overvektige kvinner (KMI over 30 kg/m²): 5 til 9 kilo

Tilrådd vektauke er i 2. og 3. trimester om lag:

  • 0,5 kilo per veke for undervektige
  • 0,4 kilo per veke for normalvektige
  • 0,3 kilo per veke uke for overvektige.

Dette er likevel gjennomsnittstal, og vektauken for kvar enkelt kvinne kan variere frå veke til veke, og månad til månad.

Stor vektauke kan påverke helsa

For gravide kvinner er overvekt og vektauke, utover det tilrådde, knytt til risiko for svangerskapsdiabetes og komplikasjonar under fødselen.

For kvinner med stor vektauke i svangerskapet kan det vere vanskelegare å redusere vekta etter graviditeten.