Felleskatalogen
Oversikt over legemidler som er i salg i Norge
Homøopatiske legemiddel blir i hovudsak framstilte av stoff frå plante-, dyre- og mineralriket. Når ein framstiller legemidla, blir desse stoffa kraftig fortynna.
Illustrasjon: Dreamstime.com
Homøopatiske legemiddel kan bli registrerte av Statens legemiddelverk for bruk til menneske dersom
Sjå Legemiddelforskriften §2.1 for meir informasjon.
Homøopatiske legemiddel som er registrerte, kan seljast gjennom apotek.
Homøopatiske middel er klassifiserte som legemiddel og er underlagde regelverk for legemiddel.
Homøopatiske legemiddel blir registrerte, ikkje godkjende slik som andre legemiddel. Registreringsordninga inneber at Legemiddelverket går god for sikkerheita og kvaliteten. Det vil seie at dei er produserte under trygge og kontrollerte forhold og at kvaliteten på innhaldet i produktet er god.
Det er derimot ikkje dokumentert at homøopatiske legemiddel har nokon effekt – det vil seie om produktet faktisk bidrar til å gjere pasienten frisk. Dette er ei særordning for homøopatiske legemiddel og er styrt av EU sitt regelverk gjennom EØS-avtalen.
Sjå ei liste over registrerte produkt på nettsidene til Legemiddelverket.
Det er ikkje tillate å reklamere med at homøopatiske legemiddel har medisinske effektar. Reklameforbodet gjeld òg apotek, ikkje berre leverandørar. Oppslag i apoteket om at dei fører homøopatiske legemiddel blir ikkje rekna som reklame, men som kunderettleiing.
Apotek har leveringsplikt for alle homøopatiske legemiddel som kundane spør etter. Dei fleste apotek har eit avgrensa utval av homøopatiske legemiddel. Dersom etterspurnaden er stor, har dei òg lagerplikt. Det er ikkje forbod mot å plassere produkta i hyllene ute i apoteket. Homøopatiske legemiddel blir ikkje selde i butikkar eller kioskar.
Oversikt over legemidler som er i salg i Norge
Innholdet er levert av Legemiddelverket
Sist oppdatert mandag 1. april 2019