Kan ein dele eller knuse tablettar?

Form og hjelpestoff kan vere avgjerande for at medisinen fungerer som han skal. Derfor er det ein del medisinar som ikkje skal delast eller knusast før ein tek dei.

Åpnet kapsel med medisin

Alle medisinar inneheld eitt eller fleire verkestoff – det er det stoffet eller den kjemikalien​som betrar helsetilstanden din, eller held deg frisk. Verkestoffa kan ha kompliserte namn, og derfor hugsar vi heller kva heile medisinen heiter, enn sjølve verkestoffet. Eitt eksempel er acetylsalisylsyre, som er verkestoffet i medisinane AspirinAcetylsalisylsyre ActavisAcetylsalisylsyre Norfri og Albyl-E.

Generika – ulike namn, men den same verknaden

​Når fleire medisinar inneheld det same verkestoffet i same mengde og skal takast på same måte (for eksempel etast), kallar vi dei generika – eller kopipreparat på folkemunne.

Hjelpestoff – det som pak​​​​kar inn verkestoffet

I tillegg til verkestoff inneheld medisinane hjelpestoff som hjelper verkestoffet til å gjere den ønskte verknaden i kroppen. Hjelpestoff pakkar inn, held saman og bidrar til at medisinen blir frakta rundt og teken opp i kroppen.

I eksempelet ovanfor inneheld Aspirin hjelpestoffa cellulose og maisstive. Albyl-E inneheld magnesiumhydroksid, potetstive, gelatin, mikrokrystallinsk cellulose, talkum, metakrylsyreetylakrylatkopolymer (1:1) dispersjon 30 prosent, trietylsitrat og silikonantifoam. Hjelpestoffa i Albyl-E gjer at tabletten ikkje løyser seg opp i magesekken, men først i tarmen lenger nede. Dermed reduserer ein biverknader knytte til verkestoffet sin verknad lokalt på magesekken. For nokre pasientar vil Aspirin ha ein fordel ved at verkestoffet acetylsalisylsyre blir raskare tilgjengeleg for kroppen, nettopp fordi tabletten løyser seg opp raskt.

Ideelt sett skal hjelpestoffa ikkje ha ein eigen medisinsk verknad, og heller ikkje nokon biverknader. Dei fleste hjelpestoffa som blir nytta i medisinar, er òg godkjende som tilsetjingsstoff i matvarer, og mange hjelpestoff finst naturleg i mat. Alle medisinar blir godkjende av styresmaktene før dei kjem i sal. I denne godkjenninga vurderer ein mange forhold, mellom anna samansetjinga av medisinen og dei enkelte hjelpestoffa.

Opplysningar om kva for stoff som finst i kvar enkelt medisin kan ein lese i pakningsvedlegget («Hva Albyl-E består av»). Det er likevel ikkje mogleg å lese her kvifor dei ulike hjelpestoffa er tekne med.

Det er utarbeidd ei oversikt over vanlege hjelpestoff som kan knytast til allergiar og liknande problem. Typiske eksempel er laktose (mjølkesukker) og enkelte fargestoff og konserveringsmiddel. Slike hjelpestoff skal nemnast særskilt i pakningsvedlegget og på merkinga (tabletteska, augedropeflaska, og så vidare). Dermed skal det vere enkelt å sjå om medisinen inneheld stoff du skal vere forsiktig med dersom du har ein allergi.

Mange hjelpestoff har fått tildelt eit E-nummer. Dette nummeret gjer det lettare for deg å sjå kva for stoff som er i medisinen du brukar.

Er det ok å dele tablettar utan delelinje eller opne kapslar for at det skal bli lettare å ta medisinane?

Dersom du synest det er vanskeleg å svelgje ein tablett, kan det vere freistande å dele tabletten i mindre bitar som er lettare å svelgje. Det kan òg vere lettare å opne kapselen og ete pulveret inni, eller strø det utover pålegg. Men det ligg vitskap bak utforminga og samansetjinga av tabletten eller kapselen, og om du endrar på dette, kan det gjere kvaliteten dårlegare.

Formålet med tabletten eller kapselen er todel​t

  1. Han skal innehalde korrekt dose, det vil seie rett mengde medisin.
  2. Han skal bidra til at medisinen gir den effekten ein ønskjer i kroppen.

Tabletten eller kapselen b​​estår av to typar innhaldsstoff

  1. Sjølve medisinen, det vil seie verkestoffet.
  2. Andre innhaldsstoff som er tilsette av mange ulike grunnar, som vi kallar for hjelpestoff.

For at verkestoffet skal gi den effekten ein ønskjer, må det bringast trygt fram til den rette staden i kroppen. Nokre verkestoff har lokal effekt direkte i magen eller tarmen, men dei fleste verkestoffa skal først takast opp (absorberast) i blodet før det kan ha effekt. Dette kallar vi systemisk effekt.

For å forstå kor viktige hjelpestoffa kan vere for at medisinen skal ha den effekten ein ønskjer, må vi ha litt innsikt i korleis magen og tarmane fungerer.

Mage og tarm, forsvarsverka ​i kroppen

Mat og medisinar som ein svelgjer, blir først utsett for det sure miljøet i magen, som bryt ned mange typar stoff. Når mageinnhaldet har blitt ei «suppe», blir det overført til tarmane der det ikkje lenger er surt, men nær nøytral pH. I tarmen blir det skild ut ei rekke enzym som òg bryt ned stoff som har overlevd magesyra.

Vidare nedover i tarmen har maten til slutt blitt broten ned til enkle næringsstoff (små sukkereiningar, feittsyrer og aminosyrer) som blir tekne opp frå tarmane til blodet og vidare til cellene rundt i kroppen. Magen og tarmen har dessutan ein viktig funksjon ved å uskadeleggjere framandstoff for å unngå at dei når blodet og dermed blir spreidde i heile kroppen og gjer eventuelle skadar.

Mange medisinar blir oppfatta som slike framandstoff, og tabletten eller kapselen bidrar enkelte gonger til at verkestoffet blir beskytta mot denne typen nedbryting.

Korleis kan tabletten eller kapselen beskytte verkestoffet mot nedbry​ting?

Nokre verkestoff blir brotne ned i syre. Tablettar og kapslar med slike verkestoff inneheld hjelpestoff som toler magesyra, men som løyser seg opp når dei når tarmen. I nokre medisinar ligg desse hjelpestoffa som eit skal utanpå, og då er det viktig at ein ikkje deler eller opnar tabletten eller kapselen, for å unngå at magesyra trenger inn i medisinen og øydelegg han.

I andre medisinar er det mindre kuler inni tabletten eller kapselen som utgjer dette vernet, og då kan ein dele eller opne utan å miste den beskyttande effekten. Men det er vanlegvis ikkje greitt å tygge desse kulene, ein bør svelgje dei heile anten som pulver eller i nokre tilfelle slemma opp i drikke.

Depotprepa​rat

Depotpreparat er tablettar og kapslar som verkar over lang tid, det vil seie at dei slepp ut verkestoffet litt etter litt over fleire timar. Desse medisinane heiter gjerne «… retard», «… long», «… depot» eller liknande. Ein slik depoteffekt er nyttig for mange medisinar, der ein får den beste effekten av medisinen når kroppen får eit jamt tilskot av verkestoff.

​Mange depotpreparat gjer at ein kan klare seg med ein eller to tablettar per dag, i staden for tre eller fire spreidde jamt utover dagen. Det er hjelpestoff i medisinen som gir denne depoteffekten, og nokre medisinar må ein ete heile for at denne effekten skal bestå. ​

Korleis veit du om du kan dele eller opne​medisinen din?

​Les pakningsvedlegget, under avsnittet «Hvordan du bruker …». Her skal det vere nemnt særskilt dersom tabletten eller kapselen skal svelgjast heil, eller om ein kan dele eller opne han. Er du i tvil, kan du spørje på apoteket.​​