Haldbarheit, oppbevaring og retur av medisinar

Verkestoff i medisinar blir brotne ned over tid. Derfor har medisinar avgrensa haldbarheit og må oppbevarast riktig. Unngå å legge medisinane på stader med særleg høg temperatur og mykje lys.

Medisinoppbevaring

Alle medisinar er merkte med utløpsdato og opplysningar om korleis medisinen skal oppbevarast. Du finn informasjon om oppbevaringsvilkår på pakningen og i pakningsvedlegget.

Fram til utløpsdatoen er det garantert at produktet har godkjend kvalitet, dersom ein oppbevarer det rett.

Nokre legemiddel har ulik haldbarheit før og etter opning. Pakningsvedlegget gir informasjon om dette. 

Nokre generelle råd

  • Unngå å legge medisinane på stader med særleg høg temperatur og mykje lys. Unngå for eksempel å oppbevare medisinar i ein bil som står i sola. Dersom du tek medisinar med på stranda, er det best å plassere veska i skuggen.
  • Det er greitt med avvik frå den godkjende oppbevaringstemperaturen i kortare periodar, i alle fall for tablettar og kapslar.
  • Oppbevar medisinane samla og utilgjengeleg for barn – gjerne i eit medisinskap. Små dosar av heilt vanlege medisinar kan gi alvorleg forgifting hos eit barn.

Risiko når ein brukar gammal medisin

Brukar du ein medisin som har gått ut på dato eller som er oppbevart feil? Då kan du risikere at

  • medisinen ikkje verkar som han skal
  • du i sjeldne tilfelle får fleire eller nye biverknader

Kvifor har medisinane avgrensa haldbarheit?

Medisinar inneheld eitt eller fleire aktive verkestoff. Dei fleste verkestoffa blir brotne ned over tid til andre stoff – såkalla nedbrytingsprodukt. Eitt enkelt verkestoff kan brytast ned til ei rekke ulike stoff.

For nokre medisinar kjenner vi godt til kva for stoff som blir danna og korleis dei verkar, mens for andre medisinar gjer vi ikkje det. For nokre medisinar har nedbrytingsprodukta ein annan effekt enn verkestoffet, og dei kan vere giftige eller gi biverknader.

Det er mange forhold som spelar inn i denne prosessen. Eksempel er temperatur, varme, væte og lys. Ofte er flytande medisinar, som for eksempel miksturar, meir utsette for nedbryting enn tørre medisinar som tablettar og kapslar.

Korleis veit ein kor haldbar ein medisin er?

Før medisinen blir marknadsført, undersøker legemiddelfirmaet kva som skjer med medisinen når han blir oppbevart under ulike forhold.

Slik testing blir gjennomført etter internasjonale retningslinjer:

  • Medisinen blir mellom anna lagra ved ulike temperaturar, for eksempel i kjøleskap (2-8 °C), romtemperatur (25 °C) og varmt (40 °C), og med eller utan påverknad av lys.
  • Haldbarheitstida til medisinen blir bestemt ut ifrå kva som går fram av desse studiane, og ein avgjer om den aktuelle medisinen treng å bli beskytta mot lys eller varme.

Testing av mengde verkestoff

​Legemiddelfirmaet undersøker òg kva dose som er nødvendig for at medisinen verkar som han skal. Ein lågare dose som kjem av at medisinen blir broten ned, kan gi ein dårlegare effekt av medisinen.

Rydde i medisinane

​Du bør jamleg rydde i medisinane. Dette bør du levere inn på apotek:

  • medisinar som har gått ut på dato
  • restar av medisinar
  • medisinar du ikkje skal bruke meir
  • medisinar ingen hugsar kven tilhøyrer
  • medisinar du ikkje veit kva blir brukt mot

Kvar kastar eg gamle eller ubrukte medisinar?

​Gamle eller ubrukte legemiddel må ikkje kastast saman med hushaldningsavfallet. Medisinar blir rekna som spesialavfall og skal leverast til apoteket. Apoteket har plikt til å ta i mot gamle eller ubrukte medisinar og destruere dei på ein forsvarleg måte.

Dersom du kastar medisinar i søppelet, toalett eller vasken kan det føre til uønskte utslepp i naturen. Mange medisinar blir ikkje fanga opp når vatnet blir reinsa, og går derfor direkte ut i hav og innsjøar der dei kan påverke organismar i vatnet. 

Returordninga til apoteka er ei lukka sløyfe, det vil seie at medisinane ikkje kan kome på avvegar etter at du har levert dei. Apoteka leverer medisinane tilbake til grossisten, som syter for at medisinane blir destruerte på eit forbrenningsanlegg.

Sprøytespissar skal ikkje leverast på apotek, men kastast i vanleg hushaldningsavfall. Pakk dei godt inn, for eksempel i ei plastflaske, glasflaske, ein isboks eller ein mjølkekartong.

Rydd i skapet

Følg oss på Facebook - Les og del gode råd.

Innhaldet er levert av Direktoratet for medisinske produkter (DMP)

Direktoratet for medisinske produkter (DMP) . Haldbarheit, oppbevaring og retur av medisinar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 7. januar 2021 [henta tysdag 16. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/medisiner/medisiner-holdbarhet-og-oppbevaring/

Sist oppdatert torsdag 7. januar 2021