Rydd i skapet
Følg oss på Facebook - Les og del gode råd.
Verkestoff i medisinar blir brotne ned over tid. Derfor har medisinar avgrensa haldbarheit og må oppbevarast riktig. Unngå å legge medisinane på stader med særleg høg temperatur og mykje lys.
Illustrasjon: Colourbox
Alle medisinar er merkte med utløpsdato og opplysningar om korleis medisinen skal oppbevarast. Du finn informasjon om oppbevaringsvilkår på pakningen og i pakningsvedlegget.
Fram til utløpsdatoen er det garantert at produktet har godkjend kvalitet, dersom ein oppbevarer det rett.
Nokre legemiddel har ulik haldbarheit før og etter opning. Pakningsvedlegget gir informasjon om dette.
Brukar du ein medisin som har gått ut på dato eller som er oppbevart feil? Då kan du risikere at
Medisinar inneheld eitt eller fleire aktive verkestoff. Dei fleste verkestoffa blir brotne ned over tid til andre stoff – såkalla nedbrytingsprodukt. Eitt enkelt verkestoff kan brytast ned til ei rekke ulike stoff.
For nokre medisinar kjenner vi godt til kva for stoff som blir danna og korleis dei verkar, mens for andre medisinar gjer vi ikkje det. For nokre medisinar har nedbrytingsprodukta ein annan effekt enn verkestoffet, og dei kan vere giftige eller gi biverknader.
Det er mange forhold som spelar inn i denne prosessen. Eksempel er temperatur, varme, væte og lys. Ofte er flytande medisinar, som for eksempel miksturar, meir utsette for nedbryting enn tørre medisinar som tablettar og kapslar.
Før medisinen blir marknadsført, undersøker legemiddelfirmaet kva som skjer med medisinen når han blir oppbevart under ulike forhold.
Slik testing blir gjennomført etter internasjonale retningslinjer:
Legemiddelfirmaet undersøker òg kva dose som er nødvendig for at medisinen verkar som han skal. Ein lågare dose som kjem av at medisinen blir broten ned, kan gi ein dårlegare effekt av medisinen.
Du bør jamleg rydde i medisinane. Dette bør du levere inn på apotek:
Gamle eller ubrukte legemiddel må ikkje kastast saman med hushaldningsavfallet. Medisinar blir rekna som spesialavfall og skal leverast til apoteket. Apoteket har plikt til å ta i mot gamle eller ubrukte medisinar og destruere dei på ein forsvarleg måte.
Dersom du kastar medisinar i søppelet, toalett eller vasken kan det føre til uønskte utslepp i naturen. Mange medisinar blir ikkje fanga opp når vatnet blir reinsa, og går derfor direkte ut i hav og innsjøar der dei kan påverke organismar i vatnet.
Returordninga til apoteka er ei lukka sløyfe, det vil seie at medisinane ikkje kan kome på avvegar etter at du har levert dei. Apoteka leverer medisinane tilbake til grossisten, som syter for at medisinane blir destruerte på eit forbrenningsanlegg.
Sprøytespissar skal ikkje leverast på apotek, men kastast i vanleg hushaldningsavfall. Pakk dei godt inn, for eksempel i ei plastflaske, glasflaske, ein isboks eller ein mjølkekartong.
Følg oss på Facebook - Les og del gode råd.
Innhaldet er levert av Legemiddelverket
Sist oppdatert torsdag 7. januar 2021