Plantebaserte legemiddel

Plantebaserte legemiddel kan ha uheldige verknader sjølv om dei har eit naturleg opphav. Bruken av slike legemiddel kan påverke effekten av andre legemiddel.

Johannesurt

Plantebaserte legemiddel har ikkje alltid ein dokumentert effekt basert på kliniske studiar. Dei skal likevel fylle krava til kvalitet, og det må dokumenterast at dei ikkje er skadelege ved normal bruk.

Biverknader og uheldige kombinasjonar

​Biverknader

Legemiddel kan ha biverknader sjølv om dei kjem frå naturen, men som oftast er biverknadene milde. Eksempel er lette mageplager eller allergiske reaksjonar.

Dersom du har spesielle helseproblem, kan du vere meir utsett for alvorlege biverknader ved bruk av plantebaserte legemiddel. Dette gjeld

  • eldre
  • personar med allergiar
  • personar med nedsett nyre- eller leverfunksjon
  • personar som har gjennomgått transplantasjonar

Uheldige kombinasjonar med andre legemiddel

Plantebaserte legemiddel kan ha uheldige effektar i kombinasjon med andre legemiddel. Hugs å fortelje legen din om du brukar slike legemiddel.

Inntak av grøne grønsaker eller mykje kvitløk, plantebaserte produkt med ginkgo biloba, tranebær og så vidare kan påverke effekten av det blodfortynnande legemiddelet Marevan.

Grapefruktjuice kan òg påverke korleis levra omdannar mange legemiddel slik at dei ikkje blir skilde ut like fort og effekten blir sterkare. Det mest kjende eksempelet er kalsiumantagonistar som blir brukte for å redusere blodtrykket, men også andre legemiddel som statin og immunsuppressivar kan få sterkare effekt.

Produkt med johannesurt påverkar korleis levra omdannar mange legemiddel. Johannesurt bør derfor som hovudregel ikkje kombinerast med andre legemiddel.

Desse legemidla er kjende for å få redusert verknad i kombinasjon med johannesurt:

  • immunsuppressive middel som for eksempel ciclosporin eller tacrolimus
  • blodfortynnande legemiddel som for eksempel warfarin
  • HIV-middel som for eksempel saquinavir eller nevirapine.
  • digoxin
  • teofyllin
  • litium
  • epilepsimedisinar
  • prevensjonsmiddel Dersom ein brukar johannesurt saman med p-piller, kan dette føre til gjennombrotsblødingar og graviditet.
  • Antidepressive legemiddel som serotoninreopptakshemmarar eller SSRIar og triptanar (middel mot migrene). Johannesurt kan auke​effekten av slike legemiddel, og alvorlege biverknader kan oppstå.

Unngå plantebaserte legemiddel før operasjonar

Ikkje bruk slike middel 1-2 veker før ein operasjon, fordi produkt med urter kan påverke blødingar under operasjonar. Det gjeld særleg ginkgo biloba, ginseng, johannesurt og ingefær.

Kjeder til informasjon om plantebaserte legemiddel

​Meir informasjon om rett bruk av plantebaserte legemiddel finn du