Logg inn for å gi eller sjå fullmakter

Du må logge inn for å gi fullmakt eller sjå kva fullmakter du har gitt eller fått.

Gi eller sjå fullmakt

Her kan du gi andre fullmakt til å hente reseptvarer for deg på apotek eller hos bandasjist. Du kan òg sjå kva fullmakter du har gitt og fått.

Dette er fullmakt til å hente reseptvarer

I tenesta Fullmakt kan du 

  • gi andre fullmakt til å hente ut reseptvarene dine
  • sjå kva fullmakter du har har gitt til andre
  • sjå kva fullmakter du har fått frå andre til å hente ut reseptvarene deira.

Fullmakta kan vare ein avgrensa periode eller ha uavgrensa varigheit. Den som gir fullmakt, bestemmer dette. Du kan når som helst endre eller slette ei fullmakt du har gitt.

Korleis kan du hente varer på resept for andre?

Fullmakta kan førebels berre brukast hos Apotek 1 og Farmasiet. Etter kvart som fleire apotek og bandasjistar koplar seg på løysinga, vil ho òg kunne brukast hos desse.

Når fullmakta er oppretta, får apotek og bandasjistar automatisk tilgang til henne, slik at du kan bruke ho både i butikk og ved bestilling av reseptvarer på nett.

Når du skal bruke fullmakta til å hente reseptvarer hos apotek eller bandasjist, må du ha med deg dette:

  • legitimasjon
  • fødselsnummeret ditt

Kven kan gi fullmakt?

Du må vere over 16 år for å gi ei fullmakt til å hente reseptvarer.

For å gi fullmakt må du ha samtykt til tilgangsnivå Basis eller høgare. Du kan sjå og endre samtykket ditt under personverninnstillingar.

Kven kan få fullmakt?

Du må vere over 18 år for å få ei fullmakt til å hente reseptvarer.

For å få fullmakt må du ha samtykt til tilgangsnivå Basis eller høgare. Du kan sjå og endre samtykket ditt under personverninnstillingar.

Rettleiing Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Om fullmakt til å hente reseptvarer. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 19. november 2025 [henta onsdag 8. april 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/fullmakt/om-fullmakt-til-a-hente-reseptvarer/

Sist oppdatert 19. november 2025

Fann du det du lette etter?