Blomsten har hvite blomsterdekkblader og gul bikrone med rød kant.

Pinselilje inneheld irriterande plantesaft. Løken inneheld mest av dei irriterande stoffa.

Symptom ved forgifting med pinselilje

  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast og eller diaré

Førstehjelp ved forgifting med pinselilje

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen og gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete litt av løken eller større mengder plantemateriale av pinselilje.

Beskriving av pinselilje

​Pinselilje er ei løkplante som ofte blir 20 til 50 cm høg. Frå løken veks det 4 til 5 linjeforma blad og eit stivt skaft med éin blome. Blomen har kvite blomedekkblad og ofte gul bikrone med raud kant. Pinselilje blømer i april til mai.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Pinselilje inneheld irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 11. oktober 2024 [henta søndag 14. september 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/pinselilje/

Sist oppdatert fredag 11. oktober 2024