Kva skjer med mor?

I dei første vekene av svangerskapet er det få som kjenner nokre teikn på at dei er gravide. Veke fire er vanlegvis tidspunktet for ein ny menstruasjon. Dersom denne uteblir, eller du har ei unormalt lita bløding, kan det vere eit teikn på at du er gravid.

Lengda på eit svangerskap blir rekna frå første blødingsdag i siste menstruasjon, altså rundt to veker før du blei gravid.  

Nokon kan merke forandringar i kroppen, men dei fleste opplever ingen endringar så tidleg i svangerskapet. I veke fem begynner mange å kjenne teikn på graviditet. Vanlege symptom kan vere:

  • Behov for å tisse ofte
  • Ømme, spente og større brystar
  • Verking i korsryggen
  • Lett trykk eller spreng i underlivet 

Mange vil òg oppleve at dei er trøytte og kvalme. Kvalmen gir seg hos dei fleste rundt svangerskapsvekene 12-14.

Så tidleg som mogleg i svangerskapet, og aller helst før du blir gravid, bør du ta eit kosttilskot som inneheld folat. Du bør ta 400 mikrogram per dag, fram til 12. svangerskapsveke. Kosttilskot med folat kan førebygge ryggmergsbrokk og nevralrøyrdefektar hos barnet.

Utviklinga til fosteret

Når fosteranlegget har fest seg i livmorslimhinna blir det kalla eit embryo. Embryoet er berre nokre millimeter langt, og består av tre lag med celler som seinare vil danne alle organ og vev. Det eine laget skal til dømes bli hud, hår, negler, augne, hjerne og nervesystem. Det andre laget skal til dømes utvikle seg til muskulatur, skjelett, hjarte og blodårar. Det tredje laget skal blant anna bli til magesekk, lever, skjoldbruskkjertel, lunger og urinblære.

Rundt denne perioden blir  den første antydinga til ei morkake danna. Fostervatn blir produsert frå blodet ditt.  

Trygg mammamedisin

Få råd fra fagfolk om trygg medisinbruk ved graviditet og amming. Tjenesten er gratis. 

Mattilsynet

Råd om trygg mat og drikke under svangerskapet, og informasjon om amming.

Kjenn liv

En hjelp til gravide for å følge med på barnets bevegelser.

Landsforeningen 1001 dager

Mental helse under graviditet og etter fødsel.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Mamma mia

Mamma Mia er en app som fremmer helse og trivsel for mor, barn og partner under graviditeten og etter fødselen. 12 års forskning og testing på over 4000 kvinner viser at appen øker trivsel og mestring og reduserer risikoen for fødselsdepresjon.

Les mer om Mamma Mia

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 4 og 5. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 9. mai 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-fra-uke-4-og-5/

Sist oppdatert fredag 9. mai 2025