Kva skjer med mor?

I dei første vekene av svangerskapet er det få som kjenner nokre teikn på at dei er gravide. Veke fire er vanlegvis tidspunktet for ein ny menstruasjon. Dersom denne uteblir, eller du har ei unormalt lita bløding, kan det vere eit teikn på at du er gravid. 

Lengda på eit svangerskap blir rekna frå første blødingsdag i siste menstruasjon, altså rundt to veker før du blei gravid.  

Så tidleg som mogleg i svangerskapet, og aller helst før du blir gravid, bør du ta eit kosttilskot som inneheld folat. Du bør ta 400 mikrogram per dag, fram til 12. svangerskapsveke. Kosttilskot med folat kan førebygge ryggmergsbrokk og nevralrøyrdefektar hos barnet.

Utviklinga hos fosteret

I starten av svangerskapet veks foster relativt likt. Individuelle forskjellar på lengde og vekt aukar i samsvar med svangerskapslengde. Lengda på eit svangerskap blir rekna frå første blødingsdag i siste menstruasjon, altså rundt to veker før sjølve befruktninga. 

I løpet av denne perioden vil eggcella og sædcella smelte saman til eit befrukta egg. Cellene i det befrukta egget deler seg, og det blir no kalla eit fosteranlegg. Fosteranlegget dannar to delar. Den eine delen vil utvikle seg til sjølve fosteret. Den andre delen vil utvikle seg til morkaka som skal forsyne det framtidige fosteret med næring.

Fosteranlegget fester seg i livmorslimhinna omtrent 1 veke etter befruktning. 
Lengda på eit svangerskap blir rekna frå første blødingsdag i siste menstruasjon, altså rundt to veker før sjølve befruktninga. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 1 til 3. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-1-til-3/