Kva skjer med mor i veke 9 til 12?

Hormona dine er i endring, og både tankar og kjensler kan svinge veldig. Det er vanleg å vere meir kjenslevar i graviditeten. Du kan kjenne på alt frå stor glede til bekymringar og sorg. Det er ikkje uvanleg å bekymre seg for å abortere, forholdet til partnaren, kroppslege forandringar eller jobb- og livssituasjon.

Slimhinnene er skjørare enn vanleg. Dette kan føre til litt blod frå tannkjøtet når du pussar tenner, naseblod eller små blødingar frå skjeden ved samleie. Dette er ikkje farleg. 

Livmora veks stadig, men ligg framleis nede i bekkenet. Graviditeten er derfor ikkje nødvendigvis synleg for andre. Har du vore gravid før kan magen bli synleg tidlegare. 
Har du opplevd svangerskapskvalme, vil du kanskje oppleve at denne plaga gradvis går over i denne perioden. Nokre få gravide er framleis kvalme etter 20 vekers graviditet.

Utvikling hos fosteret

Embryoet blir no rekna som eit foster, og er vanlegvis rundt 4 cm langt og veg omtrent 8 gram.

Omtrent på dette tidspunktet kan ein sjå at fosteret har utvikla fingrar og tær. Dei ytre kjønnsorgana held fram med å utvikle seg. Det er likevel vanskeleg å skilje mellom det som skal bli kvinnelege og mannlege kjønnsorgan. I løpet av denne perioden begynner tarmane gradvis å trekke seg inn frå navlestrengen og inn i bukhola til fosteret.   

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 11. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-11/