Kva skjer med mor i veke 9 til 12?
Hormona dine er i endring, og både tankar og kjensler kan svinge veldig. Det er vanleg å vere meir kjenslevar i graviditeten. Du kan kjenne på alt frå stor glede til bekymringar og sorg. Det er ikkje uvanleg å bekymre seg for å abortere, forholdet til partnaren, kroppslege forandringar eller jobb- og livssituasjon.
Slimhinnene er skjørare enn vanleg. Dette kan føre til litt blod frå tannkjøtet når du pussar tenner, naseblod eller små blødingar frå skjeden ved samleie. Dette er ikkje farleg.
Livmora veks stadig, men ligg framleis nede i bekkenet. Graviditeten er derfor ikkje nødvendigvis synleg for andre. Har du vore gravid før kan magen bli synleg tidlegare.
Har du opplevd svangerskapskvalme, vil du kanskje oppleve at denne plaga gradvis går over i denne perioden. Nokre få gravide er framleis kvalme etter 20 vekers graviditet.
Utvikling hos fosteret
Fosteret er vanlegvis rundt 5 cm langt og vegar omkring 16 gram på dette stadiet.
Fosteret begynner no å likne meir på eit menneske. Anlegg til alle organ er på plass, og dei vil halde fram med å vekse og modnast i mange veker til. Hjernen er tydeleg synleg, og strukturen til hjartet med fire kammer er i stor grad danna. Både hjerne og hjarte vil likevel halde fram med å utvikle seg vidare.
Fosteret kan bevege seg inne i livmora, men det er endå ei stund til du vil kjenne rørslene.