Kva skjer med mor i veke 13 og 14?
I veke 13 og 14 er livmora på storleik med ei grapefrukt. Det er vanleg at du går opp i vekt i denne perioden. Som regel går du opp éin til fire kilo. Svangerskapskvalmen har vanlegvis gitt seg, og mange opplever at dei er mindre trøytte og har meir energi.
Utvikling hos fosteret
Fosteret er no gjerne mellom 6 og 7 cm langt, og vegar rundt 40 gram, men det kan variere frå graviditet til graviditet. Tidleg i svangerskapet blir fostervatnet hovudsakleg produsert frå blodet til den gravide. Etter kvart som fosteret utviklar seg, startar urinproduksjonen. Fostervatnet blir då ei blanding av væske frå både den gravide og fosteret. Mengda fostervatn aukar gradvis, noko som gir fosteret meir plass til å bevege seg fritt.
I denne perioden blir neglene på fingrar og tær utvikla, og skjelettet begynner å bli hardare.
I overgangen til andre trimester er morkaka ferdig utvikla. Frå no er det morkaka som sørger for å overføre næring og oksygen til fosteret.