Kva skjer med mor i veke 13 og 14?
I veke 13 og 14 er livmora på storleik med ei grapefrukt. Det er vanleg at du går opp i vekt i denne perioden. Som regel går du opp éin til fire kilo. Svangerskapskvalmen har vanlegvis gitt seg, og mange opplever at dei er mindre trøytte og har meir energi.
Utvikling hos fosteret
Fosteret er no ca. 8 cm langt, men det kan variere frå graviditet til graviditet.
Det begynner å vekse fine, tynne hår på kroppen til fosteret. Desse håra bidrar til å verne huda til fosteret.
Fosteret kan hikke og bevege seg, sjølv om du sannsynlegvis ikkje kjenner det enno. Dette kjem blant anna av at fostervatnet fungerer som ein støytdempar, og at det ikkje finst følesans på innsida av livmora. Omtrent på dette tidspunktet startar fosteret å svelge små mengder fostervatn.