Kva skjer med mor i veke 15 til 17?

I denne perioden blir magen ein del større og dei fleste opplever at magen blir synleg for andre. Nokon kjenner rørsler frå *fostereti denne fasen, men for dei fleste vil det ta noko lengre tid.

På grunn av mengda hormon i kroppen, kan du oppleve humørsvingingar. 
Det er vanleg at du blir meir tett i nasen enn vanleg, på grunn av hovne slimhinner. Du kan òg merke at du sveittar meir enn vanleg på grunn av auka mengder blod i kroppen. Du blir lettare andpusten enn før fordi hjartet skal dekke oksygenbehovet til to. 

Utvikling hos fosteret

Fosteret veg no rundt 90 gram, men det kan variere frå graviditet til graviditet.

I denne perioden begynner fosteret ofte å suge på fingrane sine. Det bidrar til å utvikle sugerefleksen, som er ei viktig ferdigheit for ernæring etter fødselen.  

Fosteret kan bevege seg, men nervesystemet er framleis under utvikling. Derfor er fosteret enno ikkje modent nok til å gjere viljestyrte rørsler. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 15. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 9. mai 2025 [henta tysdag 27. januar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-15/

Sist oppdatert fredag 9. mai 2025