Kva skjer med mor i veke 15 til 17?

I denne perioden blir magen ein del større og dei fleste opplever at magen blir synleg for andre. Nokon kjenner rørsler frå *fostereti denne fasen, men for dei fleste vil det ta noko lengre tid.

På grunn av mengda hormon i kroppen, kan du oppleve humørsvingingar. 
Det er vanleg at du blir meir tett i nasen enn vanleg, på grunn av hovne slimhinner. Du kan òg merke at du sveittar meir enn vanleg på grunn av auka mengder blod i kroppen. Du blir lettare andpusten enn før fordi hjartet skal dekke oksygenbehovet til to. 

Utvikling hos fosteret

Fosteret veg rundt 120 gram, men det kan variere frå graviditet til graviditet.

I denne perioden held den raske veksten fram av nerveceller i både hjernen og ryggmergen. Skjelettet blir hardare. Organa flyttar seg gradvis til rette plassar i kroppen, som ein del av utviklinga.  

Fosteret har god plass til å bevege seg i livmora. Etter kvart som nervesystemet utviklar seg, blir rørslene meir koordinerte.  

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 16. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta tysdag 27. januar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-16/