Kva skjer med mor i veke 15 til 17?

I denne perioden blir magen ein del større og dei fleste opplever at magen blir synleg for andre. Nokon kjenner rørsler frå *fostereti denne fasen, men for dei fleste vil det ta noko lengre tid.

På grunn av mengda hormon i kroppen, kan du oppleve humørsvingingar. 
Det er vanleg at du blir meir tett i nasen enn vanleg, på grunn av hovne slimhinner. Du kan òg merke at du sveittar meir enn vanleg på grunn av auka mengder blod i kroppen. Du blir lettare andpusten enn før fordi hjartet skal dekke oksygenbehovet til to. 

Utvikling hos fosteret

Fosteret er no gjerne mellom 12 og 16 cm langt, avhengig av om målinga blir gjord frå hovud til baken eller frå hovud til tå. Vekta ligg ofte rundt 160 gram, men dette kan variere. Fosteret veks raskt, og etter kvart vil kroppen bli større enn hovudet. Dette er ein naturleg del av utviklinga.

I denne perioden begynner fosteret gradvis å gjere større og meir målretta rørsler. Likevel er det framleis ikkje alle gravide som kjenner rørslene endå.  

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 17. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-17/