Kva skjer med mor i veke 18 til 20?

No vil du sannsynlegvis kjenne at fosteret bevegar seg. Dei som har fødd før kjennar ofte liv tidlegare enn dei som ventar barn for første gong. I starten kan rørslene til fosteret kjennast som ei liten iling eller prikking i magen, og du er kanskje litt usikker på kva det er. Etter kvart blir rørslene tydelegare, og du vil ikkje vere i tvil om at det er fosteret som bevegar seg.

Det er normalt å legge på seg 11-16 kilo i løpet av eit svangerskap. Mykje av vektauken kjem av at du produserer meir blod og fostervatn. Vekta aukar òg fordi livmora, morkaka og fosteret veks.

Hos nokon bular navlen ut. Det er heilt ufarleg, og vil rette seg sjølv etter fødselen. 

Utvikling hos fosteret

Fosteret er no gjerne mellom 15 og 22 cm langt, avhengig av om målinga blir gjord frå hovud til baken eller frå hovud til tå. Vekta ligg ofte rundt 235 gram, men dette kan variere frå graviditet til graviditet.

Fosteret svelger framleis fostervatn og skil det ut igjen som urin. Denne prosessen bidrar til å halde fostervatnet reint. Rundt denne perioden kan fosteret begynne å hikke, og nokre gravide kan merke dette som små, rytmiske dunkar. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 19. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-19/