Kva skjer med mor i veke 18 til 20?
No vil du sannsynlegvis kjenne at fosteret bevegar seg. Dei som har fødd før kjennar ofte liv tidlegare enn dei som ventar barn for første gong. I starten kan rørslene til fosteret kjennast som ei liten iling eller prikking i magen, og du er kanskje litt usikker på kva det er. Etter kvart blir rørslene tydelegare, og du vil ikkje vere i tvil om at det er fosteret som bevegar seg.
Det er normalt å legge på seg 11-16 kilo i løpet av eit svangerskap. Mykje av vektauken kjem av at du produserer meir blod og fostervatn. Vekta aukar òg fordi livmora, morkaka og fosteret veks.
Hos nokon bular navlen ut. Det er heilt ufarleg, og vil rette seg sjølv etter fødselen.
Utvikling hos fosteret
Dei fleste målingar av lengda på fosteret blir no gjorde frå hovud til hæl. Fosteret er ca 25cm langt og vegar rundt 300 gram, men både lengde og vekt kan variere. I tida framover blir det no større og meir individuelle forskjellar i vekstutvikling frå foster til foster.
Fosteret kan no begynne å gjere grimasar og suge på tommelen.
I denne perioden kan antakeleg fosteret begynner å oppfatte lyd, og nokre foster kan reagere på sterke lydar utanfrå. Rørslene til fosteret blir gradvis meir avanserte etter kvart som utviklinga held fram.