Kva skjer med mor i veke 21 til 23?
Svangerskapet er no halvvegs. Du kan kjenne at du fysisk og mentalt førebur deg til fødsel og til å bli forelder. Mange opplever at merksemda blir retta mot det komande barnet og mindre mot resten av omverda.
Leddbanda i bekkenet ditt blir stadig meir elastiske. For nokon kan det gjere vondt når du står eller går. Det kan òg bli vanskeleg å reise seg opp og gå i trapper.
Utvikling hos fosteret
Fosteret er no gjerne rundt 26 cm langt og vegar omkring 400 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.
I denne perioden skjer det mykje i utviklinga til fosteret. Tenner i tannkjøtet utviklar seg vidare, augelokka dekker no heile auget, og neglene har vakse ut. I hjernen begynner nervecellene å danne samband, slik at dei kan kommunisere med kvarandre. Dette er ein viktig del av den vidare utviklinga.