Kva skjer med mor i veke 21 til 23?
Svangerskapet er no halvvegs. Du kan kjenne at du fysisk og mentalt førebur deg til fødsel og til å bli forelder. Mange opplever at merksemda blir retta mot det komande barnet og mindre mot resten av omverda.
Leddbanda i bekkenet ditt blir stadig meir elastiske. For nokon kan det gjere vondt når du står eller går. Det kan òg bli vanskeleg å reise seg opp og gå i trapper.
Utvikling hos fosteret
Fosteret veg no ca 575 gram, men vekta kan variere frå graviditet til graviditet.
Fosteret har både vakne og sovande periodar, og det kan sannsynlegvis drøyme under søvn.