Kva skjer med mor i veke 24 til 26?
Du kan no merke rørslene til fosteret utanpå magen. Du vil kjenne spark dagleg. Rørslene til fosteret er eit teikn på at fosteret utviklar seg normalt og har det bra.
Livmora di held fram med å vekse, og den kan begynne å klemme på urinblæra, nervar, blodkar og magesekken. I denne perioden kan du oppleve halsbrann, krampar i leggane, og at du må oftare på do.
Brysta dine held òg fram med å vekse.
Det er vanleg å bli svimmel når du ligg på ryggen. Det skjer fordi livmora di pressar på blodåra som fører blod tilbake til hjartet. Ofte skal det ikkje meir til enn at du snur deg på sidan for å unngå å kjenne deg svimmel.
Utvikling hos fosteret
Fosteret er no gjerne rundt 30 cm langt og veg ca 650 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.
I denne perioden begynner fosteret med tydelege pusteøvingar, der det trekker fostervatn inn og ut av lungene. Dette er ei viktig førebuing til pusting etter fødselen.