Kva skjer med mor i veke 24 til 26?
Du kan no merke rørslene til fosteret utanpå magen. Du vil kjenne spark dagleg. Rørslene til fosteret er eit teikn på at fosteret utviklar seg normalt og har det bra.
Livmora di held fram med å vekse, og den kan begynne å klemme på urinblæra, nervar, blodkar og magesekken. I denne perioden kan du oppleve halsbrann, krampar i leggane, og at du må oftare på do.
Brysta dine held òg fram med å vekse.
Det er vanleg å bli svimmel når du ligg på ryggen. Det skjer fordi livmora di pressar på blodåra som fører blod tilbake til hjartet. Ofte skal det ikkje meir til enn at du snur deg på sidan for å unngå å kjenne deg svimmel.
Utvikling hos fosteret
Fosteret veg no ca 750 gram, men vekta kan variere frå graviditet til graviditet.
Utviklinga av vitale organ som hjernen og lungene held fram. Fosteret kan sannsynlegvis begynne å utvikle ei form for bevisstheit i denne perioden. Det er òg mogleg at fosteret kan oppleve smerte. Høyrselen utviklar seg gradvis, og fosteret kan sannsynlegvis høyre lydar som hjarteslag og pust frå den gravide, og dessutan stemmer og lyder utanfrå.