Kva skjer med mor i veke 27 og 28?

I desse vekene er det vanleg å få strekkmerke, pigmentsflekkar og ei mørk pigmentsstripe midt på magen. Dette vil sannsynlegvis forsvinne eller bleikne etter fødselen. Brystknoppane og området rundt kan òg bli mørkare. Fleire kan oppleve forandringar i huda, som raude prikkar i ansiktet, på overarmane og på overkroppen.

Dette kjem av endringar i blodkara, og vil forsvinne etter svangerskapet.
Mange opplever eit auka behov for søvn frå no og ut resten av svangerskapet. Det er vanleg å vakne fleire gongar om natta, og mange har behov for korte kviler på dagen.

Auka fosterrørsler og endringar i kroppen på grunn av graviditeten kan påverke søvnkvaliteten din. Det er viktig at du kviler når du kan.

Utvikling hos fosteret

På dette tidspunktet er fosteret ca 38 cm langt, og veg  ca 1150 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.

I denne perioden kan fosteret ofte begynne å ha tydelegare periodar med aktivitet og kvile. Det er òg mogleg at fosteret reagerer med å skvette ved plutselege lydar eller rørsler. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 28. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-28/