Kva skjer med mor i veke 29 til 32?
Det skjer store endringar i kroppen gjennom svangerskapet, og det er vanleg å merke at det er tyngre å bevege seg no. Livmora veks samtidig med fosteret og pressar på omkringliggande organ, noko som blant anna gir mindre plass til lungene. Det er vanleg å kjenne seg andpusten, sjølv ved små anstrengingar. Lungekapasiteten din aukar for å sikre nok oksygen, både til deg og barnet. Dette kan du merke ved at du pustar raskare. Hjartet ditt slår raskare for å kompensere for dei auka behova kroppen din har.
Det er vanleg med ekstra vatn i kroppen og du merkar det kanskje best ved at du har hovne bein.
I svangerskapet blir tarmen påverka av hormon og det er mindre rørsle i mage- og tarmsystemet. Dette gjer at du lettare kan få forstopping. Det kan hjelpe med fysisk aktivitet, meir kostfiber og auka inntak av væske.
Utvikling hos fosteret
På dette tidspunktet er fosteret ca 40 cm langt, og veg gjerne rundt 1400 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.
I tida framover kan vekta variere mykje frå foster til foster. Veksten skjer framleis raskt, men kor mykje fosteret vegar er individuelt.
Blodforsyninga til auget held fram med å utvikle seg gradvis i denne perioden. Etter fødselen vil synet hos det nyfødde barnet halde fram med å modnast. Allereie kort tid etter fødselen vil han nyfødde prøve å møte blikket ditt og vere interessert i ansikt.