Kva skjer med mor i veke 29 til 32?

Det skjer store endringar i kroppen gjennom svangerskapet, og det er vanleg å merke at det er tyngre å bevege seg no. Livmora veks samtidig med fosteret og pressar på omkringliggande organ, noko som blant anna gir mindre plass til lungene. Det er vanleg å kjenne seg andpusten, sjølv ved små anstrengingar. Lungekapasiteten din aukar for å sikre nok oksygen, både til deg og barnet. Dette kan du merke ved at du pustar raskare. Hjartet ditt slår raskare for å kompensere for dei auka behova kroppen din har.

Det er vanleg med ekstra vatn i kroppen og du merkar det kanskje best ved at du har hovne bein.

I svangerskapet blir tarmen påverka av hormon og det er mindre rørsle i mage- og tarmsystemet. Dette gjer at du lettare kan få  forstopping. Det kan hjelpe med fysisk aktivitet, meir kostfiber og auka inntak av væske.

Utvikling hos fosteret

På dette tidspunktet er fosteret ca 41 cm langt, og vegar rundt 1600 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.

Fosteret liknar no eit nyfødd barn. Mange foster legg seg etter kvart med hovudet ned i bekkenet, særleg hos førstegongsfødande. Det er framleis moglegheit for at fosteret kan endre posisjon seinare i svangerskapet.  

Fosteret kan sannsynlegvis kjenne igjen lydar frå utsida av livmora. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 31. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-31/