Kva skjer med mor i veke 33 til 35?
Mot slutten av denne perioden vil kroppen din begynne å førebu seg til fødselen med samantrekkingar i livmora. Desse startar øvst i magen og spreier seg over heile livmora før dei slepper taket. Vanlegvis varer samantrekkingane i omkring eit halvt minutt. Dette blir kalla kynnarar. I begynninga kan du kjenne kynnarane som svake menstruasjonssmerter. Dei kan bli meir ubehagelege etter kvart, men dei er ikkje smertefulle.
Har du fødd før kan du kjenne kynnarane tidlegare i svangerskapet. Då kan dei ofte opplevast som kraftigare og meir intense.
Av og til kan det vere vanskeleg å skilje kynnarar og ordentlege rier. Kynnarane går vanlegvis over etter kort tid og kan endre seg dersom du legg deg ned, byter stilling eller bevegar deg. Dei er ikkje regelmessige og aukar sjeldan i intensitet.
Utvikling hos fosteret
På dette tidspunktet er fosteret ca 46 cm langt og vegar rundt 2400 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.
Mengda fostervatn minkar gradvis, og det blir mindre plass for fosteret å bevege seg fritt. Sjølv om plassen blir trongare, bør du framleis kjenne like mykje rørsler som før.
Fosteret svelger framleis fostervatn, og fordøyinga i tarmane utviklar seg. Dette er med på å gjere den første avføringa til barnet etter fødselen mørk og klistrete. Dette blir kalla barnebek.