Kva skjer med mor i veke 6 til 8?

Vanlege symptom på graviditet i desse vekene er:

  • større brystar
  • halsbrann
  • auka utflod (som er normalt så lenge det ikkje klør, svir, luktar eller gjer vondt)
  • urein hud
  • vektoppgang

Det er òg vanleg å kjenne seg  kvalm, svimmel og trøytt. Nok væske, mat, søvn og kvile kan lindre ubehaget.

Fordøyinga går ofte litt langsamare, og du blir raskare mett når du et. Nokon opplever òg meir luft i magen.

Vanleg med blødingar

Sjølv om svangerskapet utviklar seg normalt, er det vanleg med blødingar tidleg i svangerskapet. Om du opplever smertefull bløding, blir det anbefalt at du tar kontakt med fastlege eller jordmor. 

 

Utvikling hos fosteret

Embryoet er vanlegvis rundt 5 mm langt på dette stadiet.  

Omtrent i denne perioden begynner det å bli danna anlegg til armar og bein. Alle dei nødvendige cellene er på plass, og embryoet vil gradvis utvikle seg til eit foster  dei neste vekene. Organ som hjarte, lever, lunger, bukspyttkjertel og skjoldbruskkjertel begynner å utvikle seg. Magesekken står fram som eit væskefylt holrom i mageområdet. 

Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen, Helsedirektoratet 26. juni 2024

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 6. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 8. mai 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-6/

Sist oppdatert torsdag 8. mai 2025