Kva skjer med mor i veke 6 til 8?
Vanlege symptom på graviditet i desse vekene er:
- større brystar
- halsbrann
- auka utflod (som er normalt så lenge det ikkje klør, svir, luktar eller gjer vondt)
- urein hud
- vektoppgang
Det er òg vanleg å kjenne seg kvalm, svimmel og trøytt. Nok væske, mat, søvn og kvile kan lindre ubehaget.
Fordøyinga går ofte litt langsamare, og du blir raskare mett når du et. Nokon opplever òg meir luft i magen.
Vanleg med blødingar
Sjølv om svangerskapet utviklar seg normalt, er det vanleg med blødingar tidleg i svangerskapet. Om du opplever smertefull bløding, blir det anbefalt at du tar kontakt med fastlege eller jordmor.
Utvikling hos fosteret
Embryoet er vanlegvis rundt 9 mm langt på dette stadiet.
Omtrent i denne perioden begynner det å bli danna anlegg til tarmsystemet, og navlesnora startar å utvikle seg. Ryggvirvlane begynner gjerne å lukke seg, og ribbeina på ryggen startar å vekse.
Det veks fram små knoppar på både kropp og hovudet. Knoppane skal bli til det ytre øret, anlegg til auge, armar og bein.
Embryoet har ein kroppsdel som liknar på ein hale. Den forsvinn seinare i svangerskapet, vanlegvis rundt veke 9.