Kva skjer med mor i veke 6 til 8?

Vanlege symptom på graviditet i desse vekene er:

  • større brystar
  • halsbrann
  • auka utflod (som er normalt så lenge det ikkje klør, svir, luktar eller gjer vondt)
  • urein hud
  • vektoppgang

Det er òg vanleg å kjenne seg  kvalm, svimmel og trøytt. Nok væske, mat, søvn og kvile kan lindre ubehaget.

Fordøyinga går ofte litt langsamare, og du blir raskare mett når du et. Nokon opplever òg meir luft i magen.

Vanleg med blødingar

Sjølv om svangerskapet utviklar seg normalt, er det vanleg med blødingar tidleg i svangerskapet. Om du opplever smertefull bløding, blir det anbefalt at du tar kontakt med fastlege eller jordmor. 

Utvikling hos fosteret

I veke åtte av svangerskapet er embryoet vanlegvis ca1,5 cm langt frå hovudet til baken.  
 
Omtrent på dette tidspunktet i utviklinga begynner det å bli danna anlegg til nasetipp, augelokk og overleppe. Ei antyding til opning for munnen begynner òg å danne seg, og haka startar å ta form. Armar og bein held fram med å utvikle seg, og den raske utviklinga gjer at embryoet gradvis får ein meir menneskeliknande utsjånad. Delar av tarmane til embryoet ligg i navlesnora, sidan det enno ikkje er nok plass inne i mageområdet. Hjartet har fått eit kammer på dette tidspunktet, og kan fylle store delar av brysthòla. 
 
Embryoet kan gjere små og enkle rørsler i denne perioden. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Gravid veke 8. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. november 2025 [henta onsdag 26. november 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-uke-for-uke/gravid-uke-8/