Kva skjer med mor i veke 9 til 12?
Hormona dine er i endring, og både tankar og kjensler kan svinge veldig. Det er vanleg å vere meir kjenslevar i graviditeten. Du kan kjenne på alt frå stor glede til bekymringar og sorg. Det er ikkje uvanleg å bekymre seg for å abortere, forholdet til partnaren, kroppslege forandringar eller jobb- og livssituasjon.
Slimhinnene er skjørare enn vanleg. Dette kan føre til litt blod frå tannkjøtet når du pussar tenner, naseblod eller små blødingar frå skjeden ved samleie. Dette er ikkje farleg.
Livmora veks stadig, men ligg framleis nede i bekkenet. Graviditeten er derfor ikkje nødvendigvis synleg for andre. Har du vore gravid før kan magen bli synleg tidlegare.
Har du opplevd svangerskapskvalme, vil du kanskje oppleve at denne plaga gradvis går over i denne perioden. Nokre få gravide er framleis kvalme etter 20 vekers graviditet.
Utvikling hos fosteret
Embryoet er vanlegvis rundt 2 cm langt på dette stadiet. I tida framover vil ansiktet gradvis utvikle seg. Linsa i auget begynner å bli danna, sjølv om det framleis står att ei god stund før heile auget er ferdig utvikla. Augelokka utviklar seg, og skal etter kvart dekke heile auget. Antydingar til nase, øyre og nakke veks fram.
Dei indre delane av kjønnsorgana er allereie til stades, og embryoet har enten eggstokkar eller testiklar. Dei ytre kjønnsorgana ser førebels ganske like ut hos alle embryo. I denne perioden vil òg halen til embryoet forsvinne.