Legg ut for brystpumpa, søk Helfo om refusjon

Helfo dekkjer utgiftene til elektrisk brystpumpe med inntil 3585 kroner i 2026 (3460 kroner i 2025).

Du må sjølv betale for den elektriske brystpumpa, og deretter kan du krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.

Husk erklæring frå spesialist og spesifisert kvittering

Saman med søknaden må du òg leggje ved

  • erklæring frå relevant legespesialist om at barnet har leppe-kjeve-ganespalte, og at du treng ei elektrisk brystpumpe
  • spesifisert kvittering (som må innehalde produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlaren)

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om å få refundert utgifter til elektrisk brystpumpe ved å bruke eit digitalt skjema. 

Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgifta.

 

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden sende inn

saman med legeerklæring og original, spesifisert kvittering. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.

Søknaden skal sendast til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Leppe-kjeve-ganespalte (LKG)

Leppe-kjeve-ganespalte er ein medfødd tilstand som rammar overleppa, kjevekammen og/eller ganen i varierande grad.

Saksbehandlingstid for elektrisk brystpumpe og svar på søknad

Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om elektrisk brystpumpe er normalt inntil åtte veker.

Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysningar, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di. 

Fullmakt ved kontakt med Helfo

​Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Du må legge ved alle nødvendige opplysningar når du sender inn søknaden. Då behandlar Helfo saka di så raskt vi kan. 

  • Har Helfo har bedt deg ettersende dokumentasjon, eller har du har gløymt å sende oss viktige opplysningar? Send kvitteringar, erklæringar, fullmakter eller liknande via lenka under. 
  • Det er svært viktig at du fyller inn i Altinn saksnummeret til di eksisterande. Då kan vi behandle saka di raskare. Saksnummeret kan for eksempel sjå slik ut: «26/0000». 

Rettleiing Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Refusjon av utgifter til elektrisk brystpumpe. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 2. mars 2026 [henta tysdag 3. mars 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/elektrisk-brystpumpe/

Sist oppdatert 2. mars 2026