Kabler til EKG-maskinen og utskrift av graf som viser hjerterytme.

Kva viser EKG?

EKG blir brukt til å sjå om hjartet  

  • slår regelmessig 
  • har ujamn rytme (rytmeforstyrring) 
  • har ekstraslag 

Hastigheita og utbreiinga av dei elektriske impulsane seier også noko om eventuell skade på hjartemuskelen og tjukkelse eller størrelse av hjartet. 

EKG er ein viktig del i utgreiing og kontroll av alle slags hjarteproblem og -sjukdomar.  

Korleis går undersøkinga føre seg?

EKG blir gjort hos fastlegen eller på sjukehusog krev ingen spesielle førebuingar. Det er ofte ein sjukepleiar eller helsefagarbeidar som tar EKG.   

Under EKG-undersøkinga ligg du, og må ta av deg kleda på overkroppen. 

Klistrelappar med ulike leidningar blir festa på huda. Du får ein leidning festa på kvar arm og kvar fot, i tillegg til leidningar på brystet. Leidningane blir så kopla til EKG-apparatet som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet. 

Du får svar etter at ein lege har tolka EKG-et.

Laster inn

Gjer EKG vondt?

Sjølve undersøkinga tar cirka fem minutt og er heilt smertefri. Du merker ikkje at registreringa blir utført. Resultatet blir best om du ligg stille.  

Det er ingen risiko knytt til undersøkinga. 

Innhaldet er levert av Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten

Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten. EKG (elektrokardiografi). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 18. mars 2026 [henta måndag 23. mars 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/undersokelse-og-behandling/ekg/

Sist oppdatert 18. mars 2026

Fann du det du lette etter?