Vil du bruka innhaldet på Helsenorge?

Her finn du informasjon om korleis du gjenbrukar innhald som ligg på Helsenorge.

Opphavsretten for alle tekster på Helsenorge tilhøyrer innhaldseigaren, som står oppført ved botnen av sida.

Alle har løyve til å sitera eller videreformidle tekstar frå Helsenorge, så lenge kjelde vert oppgjeve. Vi rår til at ein følgjer anvisningene nedanfor.​

Sitat

​Dersom du vil sitera frå ei tekst, bør du angje følgjande i parentes etter sitatet:

(Tittel på teksta som vert sitert, Nettadressa til artikkelen, Dato då du siterte teksta.)

Til dømes:

«Viss det er fare for at det er brot i nakken eller ryggsøylen, ring 113, og la barnet verta liggjande i ro til ambulansen kjem. Legg eventuelt nokon varmeplagg over barnet slik at det ikkje frys.» (Forstuing, brot, skrubbsår og kutt hos barn, https://helsenorge.no/sykdom/forstehjelp-og-skader/forstuing-og-brudd/, 29.03.2023.)

Videreformidling utan sitat

Ved videreformidling av bodskap frå ein enkelt artikkel, men utan direkte sitat, bør du oppgje følgjande nedst i teksta di:

(Kjelde: Eigaren til artikkelen, Nettadressa til artikkelen, Dato då du gjenga teksta.)

Til dømes:

Viss du trur at barnet kan ha brote nakken, må du ringa 113 med ein gong. Pass på at barnet ligg i ro, slik at brotet ikkje flyttar på seg. (Kjelde: Helsedirektoratet, https://helsenorge.no/forstehjelp-og-skader/forstuing-og-brot, 29.03.2023.)

Publisering av heile artikkelen

​Dersom du vil publisera ein Helsenorge-artikkel, ber vi deg oppgje følgjande tekst øvst eller nedst i teksta:

Denne artikkelen vart kopiert frå [nettadressa til artikkelen hos Helsenorge] [dato]. Teksta kan ha vorte oppdatert på helsenorge.no.

Bruk av bilete

​Dei fleste artikkelbilete er kjøpt frå eksterne leverandørar, og vi kan difor ikkje gje andre løyve til å gjenbruka biletet.

Namnet på eigaren av opphavsretten står oppført rett under biletet, og vi rår til at du tek direkte kontakt med dei dersom du ynskjer å gjenbruka biletet.

Bruk av videoar

Dei fleste videoane som ligg på Helsenorge er eigde av eksterne leverandørar. Helsenorge kan ikkje gi løyve til andre for å gjenbruke desse videoane. Vi rår deg til å ta direkte kontakt med eigaren av opphavsretten om du vil gjenbruke ein video. Eigarnamnet står under videoen.

Om det er Helsenorge som eig videoen, kan du bruke han i samanhengar som har med Helsenorge å gjere. Du må då oppgi Helsenorge som kjelde under videoen, til dømes ved å skrive "Film: Helsenorge".

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Vil du bruka innhaldet på Helsenorge?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 9. juni 2023 [henta tysdag 23. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/redaksjon/bruk-av-innhold/

Sist oppdatert fredag 9. juni 2023